Piano poetry
I skogens ro
Eple Trio slår sjeldan på stortromma, men når den tredje utgjevinga til den stillferdige trioen er eit dobbeltalbum, må dei ha mykje på hjartet. Inspirert av opphaldet i dei djupe svenske skogane der Sjur Miljeteig og Peder Kjellsby har studioet Is It Art. Musikarane som gav ut sitt første album «Made This» som ein del av eit mastergradstudium, er Andreas Ulvo, piano, Sigurd Hole, bass, og Jonas Hovden Sjøvaag, trommer. Det startar med eit Preludium, held fram med «Greatest Joy On Earth», og det kan vere den tilstundande jula som har inspirert trioen til musikk som til tider har noko sakralt ved seg, ikkje minst tittelsporet til første album, «In the Clearing». Når det andre har sitt eige namn «In The Cavern», er det også ei klårare todeling av musikken. Jonas Sjøvaag kallar musikken ei tonal skildring av den nordlege halvkula, med referansar både til norske komponistar og til Jan Johansson, ein svensk stilskapar åleine. Stillfarande og vakkert er det, og når musikken samla er ein dryg time, er det klokt å dele i to, i staden for hangen somme har til å fylle ein CD til randa. Eple Trio viser veg.
At siste song heiter «The Sinking Ship» gjer han ikkje mindre vakker.