Piano poetry
Til meistergrad i jazz
Det er eit dristig prosjekt Eple Trio legg ut på med albumet «Made This». Med sin sterke, men lågmælte musikk, utfordrar dei også mastergrad-sensorane.
Du har ikkje lese feil. Andreas Ulvo (piano), Sigurd Hole (bass) og Jonas H. Sjøvaag (trommer) legg saman opp til mastergrad i jazz som trio, ved Musikkhøgskulen i Oslo, med eksamenskonsert neste år. Som ein del av studiet har dei tre (som byrja på skulen i 2002) med Jon Eberson som produsent, spela inn dette albumet som vil gå rett heim. Det skjer i ei tid då det er meir enn eitt band som har bana veg for den sterke dyrkinga av det vakkert melodiske, det nære og nakne, som utgangspunkt for eit jazzprosjekt.
Etter den meir utagerande opninga med «Electre», er bandet med den sakrale hit-kandidaten «Chrome Hill» tidleg ute med å gje assosiasjonar til Tord Gustavsen, men også Helge Liens trio, for ikkje å snakke om tradisjonen til Jan Johanson, som utgjevarselskapet framhevar. Assosiasjonar er ikkje eit mål for likskap, for denne trioen har sin eigen tydelege agenda, med eit triospel som tar mange retningar, og der den tematiske samverknaden mellom dei tre instrumenta stadig blir utforska, av og til med berre ein monoton basstone som underlag. Difor kan dei godt reklamere med at Eple Trio er ikkje som andre trioar, med eit kammermusikalsk album med uvanleg vakker musikk, med den lett brusande «Bach» som nok ein hit-kandidat. At det er vakkert, men ikkje søtt, kan umogleg svekkje ein musikalsk mastergrad.