Tenorsaksofonisten Karl Seglem har saman med Eple trio skapt eit album som bryt med hans tidlegare utgjevingar. Samstundes er den ei tydeleg vidareføring av hans arbeid som musikar og komponist, og som poet. Norskjazz no, er ei melodiøs og melankolsk CD-innspeling med tradisjonell jazzkvartett. Ei vandring i eit landskap der det er tydeleg at Seglem har arbeida mykje med norsk folkemusikk som utgangspunkt for komposisjon og improvisasjon. Både klangleg og melodisk. Seglem seier sjølv at han ville laga "eit vakkert, poetisk og reinskore jazz-album". At han lenge hadde hatt ein draum om å komponere musikk til, og spela inn eit album med klassisk jazz-kvartett. No har han gjort det! Gjennom melodi, arrangement og improvisasjon framstår kvartetten som ei svært samspelt gruppe. Det er vanskeleg å skriva om musikken utan å bruka ord som kontemplativ og roleg. Den har eit melankolsk preg utan at stemninga ein sit att med er trist. Innspelinga er gjort "live" i studio. og klangen av Seglems tenorsaksofon i tett samklang med kritikarroste Eple Trio, viser nye sider av komposisjonane til Karl Seglem. Innspelinga inneheld også ein tradisjonell folketone frå Norge og ein fado frå Portugal. Norskjazz.no er lisensiert til Ozella Music i Tyskland og blir lansert internasjonalt i juli 2009. Albumet markerer eit aldri så lite jubileum: Seglems 25 CD-utgjeving. Han er stadig på veg inn i nye musikalske landskap.